5.4. Eksportera fil

GIMP brukar Lagra-kommandoen berre for å lagre bileta i XCF-format. For å lagre i andre format, må du bruka eksporter-komandoen.

Figur 15.61. Dialogvindauge for eksport

Dialogvindauge for eksport

5.4.1. Opna dette dialogvindauget

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via Fil → Eksporter som …,

  • eller frå tastaturet med tastesnarvegen Ctrl+Shift+E.

5.4.2. Dialogvindauget for eksport

Med denne filutforskaren kan du redigere filnamn og filutvidingar direkte i Namnefeltet standard er «Utan namn.png»), eller ved å velja eit filnamn frå namnelista og overskriva dette. Viss du vil lagra biletet ein annan stad, finn fram denne staden i filutforkaren. Du kan også laga ei ny mappe.

Vel filtype. Dersom utvidar dette valet, kan du velja filformatet og tilhøyrande filutviding for fila i lista.

Dialogvindauget for filformat er omtalt i Del 1, «Filer».

5.4.3. Eksporterer

Når finamnet og lagringsplassen er vald, klikk på knappen Eksporter for å få opp dialogvindauget for det spesifiserte filformatet.

[Notat] Notat

Viss namnet du skreiv inn finst frå før, vil du få spørsmål om fila skal overskrivast eller ikkje. Viss ei lagmaske eller ein kanal er vald i staden for eit lag og eksportformatet ikkje har støtte for dette, må du stadfesta dette.

Viss du har lasta inn ei fil som ikkje er XCF, gjev kommandoen Fil → Overskriv (etterfølgd av filnamnet) deg høve til å overskriva den opphavlege fila med det nye filformatet.

Dersom du gjer endringar i eit bilete som alt er eksportert, vert kommandoen Fil → Eksporter til (følgd av filnamnet) slik at du kan eksportera fila igjen i det same formatet.